Årets finalister er klare!
Fredag hadde juryen sitt siste møte i årets konkurranse, og etter grundige vurderingar er finalistane no klare. Juryen er imponert over det høge nivået på dei innsendte rapportane – elevane har vist både kreativitet, grundig forskingsarbeid og eit stort engasjement for faga sine.
Finalistane har forska på ei rekkje spennande tema, frå avanserte naturvitskaplege eksperiment til djupdykk i humanistiske og samfunnsfaglege problemstillingar. Årets bidrag spenner mellom teknologi, miljø, historie og samfunnsspørsmål – eit tydeleg bevis på at unge forskarar i Noreg engasjerer seg i komplekse og viktige utfordringar.
Vi vil også gjerne takke alle som har sendt inn rapportar til Konkurransen unge forskarar i årets konkurranse. De kan her sjå årets finalistar. Finalistane er oppgitt i tilfeldig rekkefølgje, og endeleg rangering vil bli annonsert på finaleseremonien den 4.04 kl. 14 på Deichman Bjørvika.



Finalistane
- Samiya Singhal – British international school of Stavanger
- Toma Kamata Sydnes – St. Olav vgs
- Helle Kvam Songe-Møller - Vestby vgs
- Trisha Salgarkar – International school of Stavanger
- Jacob Bergmann Abusdal, Martin Sandtrø og Harald Murby – Horten vgs
- Julia Lise Boccadoro – St. Olav vgs
- Hannah Hjertenes – Nesbru vgs
- Piotr Dawid Ul – Ullern vgs
- Said Zeki Gökmen - Nesbru vgs
- Morgan Ovens – International School of Stavanger
- Sunniva Katinka Ødegaard - Oslo by steinerskole
- Sunniva Ovidia Sandsmark – Stavanger Katedralskole
- Fiona Sánchez Vibæk - United world College Nordic
- Sanna Roos – Oslo by steinerskole
- Anders Jæger - St. Olav vgs
- Eirik Opedal – Danielsen ungdomsskole
- Kasun Siriwardane Arachchilage – British international school of Stavanger
- Sejal Kumar – British international school of Stavanger
- Malavika Goutam – British international school of Stavanger