Årets finalister 2025
Akademiet for yngre forskarar gjennomførte i 2025 for andre gang Konkurransen unge forskarar. Enno eit år er vi djupt imponerte over det høge nivået på alle dei innsendte bidraga deltakarane sender inn. Konkurransen har vore hard, og årets finalistar held eit svært høgt nivå.
Finalistane blei feira på ein stortstilt finaleseremoni på Deichman Bjørvika den 4.04.2025. I år har vi tatt tilbake posterpresentasjonane, der elevane presenterer prosjektet sitt for publikum. I vrimlearealet utanfor Deichman kunne publikum gjere seg kjend med 20 prosjekt som kom til årets finale, før utdelingsseremonien gjekk i gang.

Prisvinnarar i klasse for naturvitskap og teknologi
Det vart i år delt ut to førsteprisar i denne klassen. Førsteprisane gjekk til:
- Helle Kvam Songe-Møller for prosjektet Er skopestesi eit reelt fenomen? En eksperimentell undersøkelse av evnen til å føle et usett blikk. Dette er eit svært imponerande stykke arbeid. Eleven viste god grunnleggande vitskapleg forståing, samstundes som ho utviste ei god evne til kritisk tenking. Ho turde å fremme eigne resonnement kring tidlegare forskingslitteratur på feltet. Prosjektet er nominert til å representere Noreg i den europeiske finalen i Riga i september.
- Toma Kamata Sydnes for prosjektet How to mathematically evaluate whether a rigid flat-foldable origami design will unravel or not and whether it will unravel completely og incompletely when pulled from two points? Prosjektet stilte forskningsspørsmål som ikkje er svart på i forskningslitteraturen frå før og held eit svært høgt matematisk nivå. Prosjektet er nominert til å representere Noreg i den europeiske finalen i Riga i september.
Det blei delt ut tre andreprisar:
- Julia Lise Boccadoro for prosjektet The perfect squat. Ved å kombinere biomekanikk og datamodellering utforska studien eit nytt aspekt ved ei velkjend øving, knebøyen. Prosjektet var derfor ikkje berre metodisk kreativt, men også godt metodisk utført.
- Piotr Dawid Ul for prosjektet Modelling Magnetic Bonds for DI- and Triatomic Hydrogen-Helium Molecules in the Atmospheres of White Dwarfs. Gjennom høgt nivå av kritisk tenking, rapportens oppbygning og presentasjon av resultata, synte finalisten svært god innsikt i kompleks teoretisk fysikk.
- Sofie Leraand for prosjektet Estimating parameters of Kepler-10 using astroseismology. Finalisten klarte å formidle matematiske utrekningar og resultat med måleiningar i eit komplekts felt på ein klart formulert og overtydande måte. Prosjektet er nominert til å reise til European Space Camp på Andøya i August.
Det blei delt ut to tredjeprisar:
- Said Zeki Gökmen for prosjektet Power to trust analysis of ionic wind generator. Finalisten utviste både teoretisk og språkleg finesse i eit avansert akademisk prosa, og synte betydeleg innsikt i kompleks teoretisk fysikk. Det vart også utvist kritisk tenking på svært høgt nivå.
- Jacob Bergmann Abusdal, Martin Sandtrø og Harald Murby for prosjektet Analysering av plastens opprinnelse i Oslofjorden ved hjelp av ATR-FTIR-spektroskopi. Finalistane gjorde ei kritisk og reflekterande analyse, og synte klart fram utfordringane med plastforureining i Oslo-fjorden på ein overtydande måte.
Heiderleg omtale gjekk til:
- Hannah Hjertenes for prosjektet Analysing the phosphate and nitrogen content of local lakes in Akershus. Finalisten formidla arbeidet svært godt, og prosjektet bidrog med nye innsikter i korleis menneskeleg befolkningstettleik kan påverke fosforkonsentrasjonen i fire ulike innsjøar.
- Trisha Salgarkar for prosjektet Investigating the effects of adding limestone on planth growth of five plant species. Finalisten utviste metodisk kunnskap og god formidlingsevne, og bidrog med nye innsikter i plantevekst hos plantar påverka av sur nedbør, med og utan tilførsle av ulike mengder kalk.

Prisvinnarar i klasse for ungdomsskule
Det vart delt ut to førsteprisar i denne klassen:
- Samiya Singhal for prosjektet Building a Self-Stabilizing Spoon for People with Parkinsons’s Tremors, som belyste ei utfordring som Parkinson-pasientar møter i kvardagen; å kunne spise på eigahand tross skjelvingar. Dette var gjort på ein overtydande måte med svært avansert metodisk forsåing, særleg på kjeldekoding.
- Eirik Opedal for prosjektet Learning styles and household pets in adolescents attending the 9th grade at Danielsen ungdomsskole in Bergen. Studia er eksepsjonelt velskriven og det vitskaplige arbeidet tilsvarar det ein kunne sett på minst bachelornivå. Rapporten syner oss ein framtidig forskar med svært høgt potensiale.
Det vart delt ut to andreprisar:
- Sejal Kumar for prosjektet Obesity Trends: Development of Pythin-based prediction model to aid possible solutions. Finalisten meistra særleg eit fagleg språk langt utover det ein kan forvente, og ei original tilnærming til fedmespørsmålet.
- Kasun Siriwardane Arahchilage for prosjektet Framework for an Integrated Hydrogel-Enhanced Permeable Pavement System for Urban Flood Prevention on Sloped Roads in Stavanger, der finalisten presenterte ei innovativ løysing på eit viktig problem som berre vil auke grunna klimaendringane.
Tredjeprisen gjekk til:
- Malavika Goutam for prosjektet The Psychological impacts of disinformation on democratic engagement. Analysa utviser ei stor grad av sjølvstende, og kandidaten meistrar både analyse og datavasking i Python, og innhenting og analyse av surveydata.


Vinnaren av CAS grunnforskingspris
I 2025 vart CAS – Senter for grunnforsking sin grunnforskingspris delt ut for første gang. Prisen har som mål å vekke interessa for grunnforsking og forskingas eigenverdi. CAS vil presentere forskingsprosjekt driven av ei nyfiken innstilling, som utfordrar etablerte teoriar, utforsker nye område og fenomen, og reiser dristige forskingsspørsmål.
Den aller første grunnforskingsprosen gjekk til Toma Kamata Sydnes, som også var førsteprisvinnar i klasse for naturvitskap og teknologi. Juryen merka seg hans avanserte og innovative matematiske arbeid, og særleg at forskingsspørsmålet ikkje er reist tidlegare i faglitteraturen.

Prisvinnarar i humanistiske og samfunnsvitskapelege fag
Iår har vi hatt to førsteprisvinnarar i denne klassen. Førsteprisane gjekk til:
- Sunniva Katinka Ødegaard for prosjektet La nedbrytningen begynne. Ødegaard har vist eit betydeleg talent både som tenkar og skribent, og anbefalast sterkt å søke mot studiar der dette talentet vil få utfordra og vidareutvikla seg. Prosjektet er også premiert med moglegheiten for å delta på utdelinga av Nobels fredspris.
- Morgan Ovens for prosjektet The united nations’ response to the Ebola epidemic: Sovereignity issues whilst providing humanitarian aid. Finalisten har gjort eit solid forskingsarbeid langt over nivået ein kan forvente av ein elev på vidaregåande, spesielt gjennom kontrasteringa mellom realistiske og liberalistiske perspektiv på statssuverenitet. Prosjektet er også nominert til å representer Noreg i den europeiske finalen i september.
Det blei i år utdelt ein andrepris:
- Sunniva Ovidia Sandsmark for prosjektet Konflikten mellom politisk sak og et postmoderne sirkus. Finalisten analyserte tre bidrag til Eurovision på ein sofistikert måte gjennom eit analytisk rammeverk med sentrale fagomgrep frå semiotikk og retorikk.
Det blei delt ut ein tredjepris:
- Fiona Sanches Vibæk for rapporten To what extent is the Grand Ethiopian Renaissance Dam Conflict caused more by hydro-politivs than by national security and sovereignity concerns? Rapporten bygger på ei dagsaktuell problemstilling og gjennom solid metode, struktur og tekstarbeid held rapporten universitetsnivå.
Det blei også gitt heiderleg omtale til to finalistar:
- Andreas Jæger for rapporten To what extent does Radiohead’s portrayal of a dystopian, technology-driven future in their albums from 1997 to 2000 reflect cultural concerns about technology among young adults in the United Kingdom during this period? Finalisten formulerte ei original problemstilling som opna opp for å drøfte dei komplekse relasjonane mellom populærmusikk og teknologi- og samfunnsutvikling.
- Sanna Simona Roos for rapporten En studie av feminisme, som gjorde godt greie for feminismens framvekst og utvikling med støtte i relevant faglitteratur, og skildra kompleksiteten i dagens feministiske landskap på ein framifrå måte.