Sumarhelsing frå KUF
2024 har vore eit merkeår for Konkurransen unge forskarar. Frå det blei klart i september at Akademiet for yngre forskere kunne ta over konkurransen har vi på kort tid fullført ei ny runde av konkurransen, og vi er svært så imponerte over det finalistane og alle deltakarane har fått til!
Vi har opplevd stor interesse knytt til konkurransen, og vi gleder oss til å ta den vidare i 2025. For AYF har overtakinga av konkurransen vore viktig av fleire omsyn, til dømes for å sikre god rekruttering til framtidige forskarkarrierer, skape arenaer for møte mellom forskinsverda og unge, samt å skape begeistring for forsking.
Konkurransen unge forskarar har fleire fortrinn: Vi gjer internasjonale moglegheiter til unge forskartalent. Til dømes var vi i mai representert på International Science and Engineering fair (ISEF) i USA, der Ricardo Sonda Guiraudeli deltok med prosjektet Modelling paths of the Moon’s shadow on the surface of the Earth during total solar eclipses, som representerte Noreg svært godt i konkurransen. I september skal vi vidare til EU Contest for Young Scientists (EUCYS) i Polen med to prosjekt frå den norske finalen. Med status som “National organizer” i desse konkurransane og pågåande kontakt med fleire andre konkurransar og forum, vonar vi å kunne sende enno fleire finalistar ut til spennande og utviklande arrangement i åra som kjem. Dette gjer finalistane moglegheit til å knyte nettverk, til å bli kjent med andre i sine felt, og gje dei ein smak av forskarlivet.
Moglegheiter for engasjerte elevar
Som deltakar i Konkurransen unge forskarar vil du konkurrere saman med andre deltakarar frå heile landet. Du vil også få prosjektet ditt vurdert av akademikarar på feltet du skriv om, og dei prosjekta som blir valt ut til finaliststatus vil også få ei tilbakemelding på rapporten. Dette gjer ein direkte dialog med det akademiske miljøet i akkurat det feltet du er interessert i, og kan gje masse inspirasjon og input til vidare utforsking på feltet.
Vi i KUF/ AYF ser fram til å fortsette arbeidet med konkurransen mot hausten, og vil snart sende ut meir informasjon om konkurransen i 2025. Kanskje er du ein lærar som har lyst på ekstra moglegheiter for elevane dine? Eller kanskje er du ein elev med eit spennande forskingsprosjekt gåande? I begge høve vil du i løpet av hausten kunne melde deg sjølv eller elevane dine på konkurransen på våre nettsider.
I mellomtida ønskjer vi deg ein god sumar, og gleder oss til å sjå akkurat ditt bidrag neste år!