Noreg på EUCYS 2025
Konkurransen unge forskarar sender kvart år finalistar til EUCYS – European Union Contest for Young Scientists. I år fann finalen stad i Riga, Latvia, og Noreg sendte tre finalistar for å konkurrere. Alle desse tre vant førsteprisar i den norske finalen, og blei difor nominert til å representere Noreg.
Spesialpris på EUCYS
Det er alltid stads å delta på EUCYS, men i år er vi ekstra glade for at Noreg vann ein spesialpris! Toma Kamata Sydnes frå St. Olav vgs. I Stavanger, vinnar av førstepris innanfor naturvitskap og teknologi og vinnaren av CAS – Senter for grunnforsking sin grunnforskingspris, vant reise, opphald, og moglegheit til å presentere forskinga si på National Coding Theory workshop “Professor Stefan Dodunekov” i Bulgaria!
Å vinne ein pris under EUCYS er svært prestisjefylt då det er eit svært høgt vitskapleg nivå og konkurransen er hard. Vi er svært stolte over Toma, som presenterte prosjektet sitt “How to mathematically evaluate whether a rigid flat-foldable origami design will unravel or not, and whether it will unravel completely or incompletely when pulled from two points?” på ein profesjonell måte for EU-juryen, samt for eit stort publikum.!
Dei norske finalistane
Dei norske finalistane konkurrerte saman med totalt 133 finalistar frå Europa, USA, Canada og Sør-Korea. EUCYS held ikkje berre eit svært høgt vitskapleg nivå, men er også ein arena der ungdom frå heile verda møter andre med felles interesser, og knyter nettverk og venskap for livet.
Forutan Toma, deltok to andre finalistar frå Noreg. Helle Kvam Songe-Møller frå Vestby vgs deltok med prosjektet “Is Scopaesthesia a Real Phenomenon? An Experimental Investigation of the Ability to Detect an Unseen Gaze”. Prosjektet vann ho ein førstepris i den norske finalen, og ho blei difor også nominert til å representere Noreg i Europa. Også Helle gjorde ein framifrå innsats og imponerte dommarane. Det gjorde også Morgan Ovens frå International School of Stavanger, som representerte Noreg med prosjektet “ The United Nations’ response to the Ebola epidemic: Sovereignty issues whilst providing humanitarian aid.”
Delta på EUCYS 2026?
For å delta på EUCYS 2026, må du vinne ein av førsteprisane i Konkurransen unge forskarar 2026. Påmeldinga er no open, og du kan sende inn ditt prosjekt i vurderingsklassane ungdomsskule, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, og naturvitskap og teknologi. Du kan også konkurrere om å vinne CAS – Senter for grunnforsking sin grunnforskingspris.
Ta sjansen og meld deg på. Kanskje er du ein av dei som har æra og gleda av å representere Noreg i Europa i 2026?



