Konkurransen unge forskere på ISEF
Ein av dei spennande premiane du kan vinne via deltaking på Konkurransen unge forskarar, er å reise som Noreg sin representant til ISEF – International Science and Engineering Fair i USA. Dette er verdas største forskingskonkurranse for ungdom frå heile verda innanfor STEM-faga (Science, Technology, Engineering, Mathmatics).
ISEF føregår i ulike byar i USA og i 2024 var Los Angeles vertskapsby for konkurransen. Ricardo Sonda Guiraudeli frå Blindern vgs deltok som Noregs representant i 2024 med prosjektet “Modelling paths of the Moons’s shadow on the surface of the Earth during total solar eclipses”. Sjølv om det ikkje blei nokon pris på Noreg i år, er vi svært stolte over vår finalist som gjorde eit veldig godt inntrykk i USA.
ISEF i Los Angeles, USA
Det å delta på ISEF er ei stor oppleving. 1700 finalistar får presentere prosjekta sine for eit stort dommarkorps, som inkluderer svært store namn innanfor ulike fagfelt. Mange av finalistane opplevde difor å få snakke fag med menneske som dei har sitert i prosjekta sine, og får dermed moglegheita til å få både inspirasjon og tilbakemeldingar frå nokre av dei viktigaste bidragsytarane innanfor faget.
Ekstra stas var det at ISEF i år hadde ein heil kveld i Universal studios, der den store parken inkludert alle attraksjonane var open eksklusivt for finalistane. Dermed slapp finalistane dei lange køane som elles er i parken, og kunne nytte seg fritt av heile parken i timesvis. I tillegg til denne store happeningen, har ISEF ei rad sosiale aktivitetar for alle finalistane, som gjer at ISEF ikkje berre er ei stor fagleg oppleving, men også svært sosialt!
Lyst til å delta?
Dersom du ønskjer moglegheita til å delta på ISEF, kan du allereie no byrje å planlegge deltakinga di i 2025. For å kvalifisere deg til ISEF som representant frå Noreg, må du kome på førsteplass i kategorien for naturvitenskap og teknologi. Det er Konkurransen unge forskere sin jury som til slutt bestemmer kva for prosjekt som får reise til USA som representant for Noreg. Uansett kan det vere fint å tenke litt over kva dommarane i USA vil sjå etter:
Juryane i USA vil under sine vurderingar av prosjektet sjå etter kreativitet i prosjektet og nye resultat frå forskinga. Dei vil gjerne spørje seg; kva for ny kunnskap bringer dette prosjektet til ulike samfunnsutfordringar? Juryane i USA gjer intervju av alle finalistane, og kvar finalist har sin eigen poster-presentasjon som dei vil guide samtalen med juryen via. Dersom du er nyfiken på korleis dommarar i USA vurderer prosjekta som representerer dei ulike landa, kan du ta ein kikk her.
Kanskje er du ein av våre representantar i USA neste år? Vi vil då følgje deg opp etter finalen i Noreg og hjelpe deg med alt av registrering og førebuing. Vi betalar også alle utgifter for våre reisande finalistar. Følg med til hausten for påmelding til den norske konkurransen!