Reglement for konkurransen
Reglementet for Konkurransen for unge forskere vart handsama på AYF sitt styremøte 24.01.2024. Ein ny versjon av reglementet handsamast og publiserast i september 2024.
- Krav til skuletilknyting og alder:
- Deltakarar må vere elev ved offentleg/ privat ungdomsskule eller vidaregåande skule i Noreg i søknadsåret.
- Deltakarar må fylle 13 år i søknadsåret.
- Deltakarar må vere under 20 år til og med 1. mai søknadsåret.
- Krav til språk
- Deltakande elevar kan delta med rapport på norsk eller engelsk.
- Ved rapport på norsk: Dersom eleven blir finalist og nominert til deltaking i internasjonale konkurransar, må eleven få omsett rapport og presentasjonsmateriale til engelsk.
- Deltakande elevar kan delta med rapport på norsk eller engelsk.
- Krav til gruppestorleik:
- Deltakande elevar kan delta individuelt eller i grupper på opptil tre elevar.
- Deltakande elev/ gruppe kan sende inn eitt bidrag til konkurransen.
- Krav til originalitet, etikk og vitskapleg kvalitet:
- Innsendte bidrag skal vere originalt arbeid utført av eleven/ gruppa sjølve.
- Innsendte bidrag kan vere vurdert i tilknyting til fag i ungdomsskule/ vidaregåande skule, men kan ikkje vere sendt inn til vurdering i andre konkurransar.
- Innsendte bidrag skal forholda seg til god vitskapleg skikk, t.d. med tanke på referering.
- Innsendte bidrag skal ta etiske vurderingar og omsyn, t.d. knytt til personvern.
- Krav til rettigheiter:
- Ved innsending av rapport til Konkurranse unge forskere, samtykker eleven til at rapporten kan publiserast på KUF sine sider og i andre samanhengar, dersom prosjektet får finaliststatus.