Unge talent feira på Deichman Bjørvika

Scrolling Logo

Unge talent feira på Deichman Bjørvika

Den 26. april vart Deichman i Bjørvika omforma til ein samlingstad for unge vitskapstalent frå heile landet. Arrangementet markerte også på mange måtar at Konkurransen unge forskarar er attende for fullt etter eitt års pause. Saman med H.K.H Kronprins Haakon, forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel og ordførar i Oslo Anne Lindboe, kunne Feroz M. Shah, leiaren i Akademiet for yngre forskarar (AYF), ønske velkommen til årets finale.

Unge forskarar imponerer

Konkurransen "Unge Forskarar" har i mange år vore ein plattform der unge forskarar kan sende inn sine prosjekt, og få dei vurdert av ekspertar innan sine fagfelt. Også i årets utgåve av konkurransen har juryen latt seg imponere over både nivået og den tematiske spennvidda hjå deltakane. Til dømes uttalte juryen at årets vinnar innanfor ungdomsskuleklassen, var på tilsvarande nivå som ei bacheloroppgåve på universitetet.

Tematisk breidde og høgt nivå

Årets finalistar har dekka over mange fagfelt, frå modellering av månens skyggebaner under solformørkelser og analyse av badmintonskudd sin dynamikk ved hjelp av python-programmering, til undersøkingar av den grønlandske forsoningskommisjonen effekt på positiv fred i landet, til analyser av den italienske institusjonelle folkerøystinga i 1946. Juryen hadde ei vanskeleg oppgåve føre seg, ikkje minst då tilslutninga til årets konkurranse var uventa høg etter eit års pause. Med 130 påmeldingar, 90 innleverte rapportar og i underkant av 40 rapportar vurdert for finaliststatus, syner det verkeleg kor mange talentfulle ungdommar som er der ute.

Mange av årets finalistar var til stades under årets finaleseremoni. Med langt kortare tid til å førebu seg enn tidlegare år no som konkurransen starta opp att, var det mange av finalistane som ikkje hadde høve til å vere til stades på Deichman i Bjørvika. Publikum fekk sjansen til å bli kjent også med desse gjennom videoar dei hadde sendt inn der dei presenterte seg sjølve og forskinga. Finalistane som var til stades fekk diploma overlevert av konkurransen høge beskyttar, H.K.H Kronprins Haakon.

Framtidsretta tankar og moglegheiter

Med eit stadig aukande behov for innovasjon og forsking i samfunnet, spelar konkurransar som "Unge Forskarar" ein avgjerande rolle i å fremja vitskapleg nysgjerrigheit og talentutvikling blant unge menneske. Arrangementet på Deichman i Bjørvika og pågangen konkurransen opplever, eit eit prov på det store potensialet som finst blant ungdom, og ein påminning om viktigheita av å investera i deira framtid. Ikkje minst fortel tilbakemeldingane vi får frå deltakande elevar og lærarar at konkurransen er eit viktig og gjevande supplement til den «vanlege» opplæringa i skulen. Denne arenaen vil AYF ta vare på for framtida.

Framleis behov for finansiering

AYF tok over konkurransen etter at støtta til konkurransen blei tatt vekk som følge av kutt i Forskingsrådet. AYF er framleis på leit etter partnarar som kan hjelpe oss å vidareutvikle konkurransen og ta den inn i framtida. Ambisjonsnivået er høgt, mellom anna med å fortsatt kunne sende norske finalistar som representantar for norsk forsking til utlandet, og ikkje minst gjere konkurransen tilgjengeleg og attraktiv for elevar over heile landet, slik at flest mogleg kan få positive røynsler frå å prøve seg på forsking.

 

Sjå fleire bilete frå seremonien i vårt Flickr-album.

 

Finalistane mottok diplom frå H.K.H Kronprins Haakon. Foto: Von Kommunikasjon
Finalistane mottok diplom frå H.K.H Kronprins Haakon. Foto: Von Kommunikasjon
Eit stort publikum hadde møtt opp på Deichman for å feire årets finalistar. Foto: Von kommunikasjon
Eit stort publikum hadde møtt opp på Deichman for å feire årets finalistar. Foto: Von kommunikasjon
Mari Sundli Tveit, leiar i  Forskingsrådet, helsa finalistane, og gratulerte også AYF med overtakinga av konkurransen. Foto: Von kommunikasjon
Mari Sundli Tveit, leiar i Forskingsrådet, helsa finalistane, og gratulerte også AYF med overtakinga av konkurransen. Foto: Von kommunikasjon